fredag 19. november 2010

Snuttane frå YouTube

Hei alle saman!
Nokon som har namna på dei aoverkjekke snuttane me såg om lesing i går?
Er berre nøydd til å finne dei att :-)

torsdag 18. november 2010

Oppsummering

Då var eg kommen så langt, med litt hopp og sprett...

Føler meg ikkje utlærd men meir opplyst, og mykje meir bevisst på kva web 2.0 er.

Det har vore kjekt på kurs, men også veldig intensivt og hektiske sidan eg ikkje er strukturert nok i kvardagen til å gjere litt og litt men prøver å ta skippertak innimellom. Er veldig glad for at kursbloggen skal ligge på nett framover for eg må ha eit "oppslagsverk" og ein repitisjon av tema.

Ser at det biblioteket bør gjere fyrst er å komme på facebook også får me vurdere det andre etterpå. Trur og eg må drive reklame for origo slik at me kan få annonsert det me driv med. Også Wikipedia, der må me legge inn info om oss sjølve... også også.......... er det snakk om å begrense seg? Hm trur nok at me må sette oss ned på jobb og tenke ut kva me vil også bestemme kva verkty me skal nytte for å komme i mål. Bør vel og ha informasjonsmøte for dei andre slik at dei og får ein viss peling på kva eg har drive med siste tida.

Nokon favoritt? Tja, Wikipedia har alltid vore kjekk, YouTube er underhaldande, facebook kan vere brukande men der er det stor skilnad på kva ein vil ha med som bibliotek og privatperson... Twitter gjev meg åndenød - kanskje eg ikkje treng å vere der heiletida men kvitre litt av og til... ikkje det som vert høgaste prioritert. Origo er nyttig for biblioteket - må lære meg til å tenke at eg er eit bibliotek og ikkje ein privatperson når eg lære om nye verkty...

Repitisjonsoppgåver og ein samling for å sjå korleis me har hatt det ville vore kjekt. Men me har mange verkty for å halde kontakten framover...

tirsdag 9. november 2010

Wiki

Wikipedia har eg vore glad i lenge. Var på kurs for litt sidan og ho som foreles til oss sa at innhaldet på Wikipedia no var på høgde med Britannica - hm, har framleis det i meg at enkelte ting må dobbeltsjekkast... Veit at sidene kan redigerast - har gjort det sjølv - veit og at ein kan legge inn tull og feil, MEN det vert faktisk retta opp rimeleg fort - nokon har oversikten og tek tak! Like greitt - for tilbod om rafting ned Vettisfossen er vel ikkje så lurt...
Sjekka og ut at det ikkje var noko om oss, så med tiden skal det komme ei side der - som sagt - med tiden.

Eg rekk ikkje å skrive i bloggen min når eg surrar meg i veg på alle desse sidene som de linkar til... dette er både moro og tidkrevjande! Ser at det er enkelte som bør oppdatere sidene sine... på ein måte litt godt å sjå når ein skal til med det sjølv, men på ei anna side irriterande som brukar, vil jo ha det som er dagsaktuelt! Set store krav til me skal til sjølve...

meir seinare...

Podcast

I heimen har Spotify vore brukt over lang tid. Godt utstyrt i godstolen med øyreklokker og pc er det til tider ikkje lett å få kontakt med den betre halvdel... Likte godt å laste ned popquiz programma eg ikkje fekk med meg - då var det konkurranse i heimen på laurdagskveldane, men nrk har slutta å legge ut musikken til programma. Synd men det var visst noko med rettigheiter og avgifter.

Når det gjeld bruk i bibliotek så har me ikkje noko sjølvlaga. Ser at det tilbodet Stavanger har lagt ut virkar proft og krev vel ein del teknisk kunnskap, trur det er noko ein må ta på sikt skal ein få gjort det ordentleg - men kanskje ein kan dele det dei alt har gjort om aktuelle tema og forfattarar... Sida til Toten var litt "kjedeleg", skulle ønska dei kunne fått inn bilete av bøkene det vart lese frå slik Oppland og Sandefjord har - dei likte eg utsjånaden til -  har mista lyden på pcen på jobb så eg får forske heime.

Hadde fått med meg at Kulturnett S&Fj har lydfil for Lærdalsøyri, har sett turistar vandre rundt der med øyreklokker :-) Kjekt det når ein er på ein ny stad å få med seg fakta om serverdigheitene. Kanskje eg skal lage ein guida tur i biblioteket vårt og! ... og til venstre kan du finne bøker om jakt, fiske og friluftsliv....

Får til tider litt åndenød når eg byrjar å få oversikt over alle tilboda som finns og kva andre og ofte store bibliotek har fått til...

You Tube igjen

Vart ikkje heilt ferdig med å utforske her. Det er veeeldig lett å trykke seg langt til skogs for her er det jammen mykje rart å sjå på :-). Har litt problem med å få bruke alle typar sider på jobb-pc når det er lagt inn restriksjonar på kva sider ein får opne... så dette får vere heimearbeid og.

fredag 5. november 2010

KYRRE I PAPP

Hurra! Fekk rettleiing pr. e-post hjå SFF, hadde nesten gjort det rett, men no er alt på plass og Kyrre vart så kjekk :-)

torsdag 4. november 2010

KYRRE I PAPP

Nokon som har fått "pappmannen" Kyrre med moped frå Foreningen !les?
Nokon som har fått montert han med alle delene??
Nokon som har rettleiing på montering???

Hakke før vår går til resirkulering. Knurr!!!