Uff, hadde visst alt skrive ein del om kva eg meinar om facebook i forrige innlegg. Ja,ja...
Sjekka ut søkinga på "bibliotek" og såg Sogndal bibliotek på lista. Fann ut at me alt hadde felles venner. Litt ok å sjå kva andre bibliotek har laga til før me skal prøve sjølve. Er litt usikker på om ein må ha godkjenning frå høgare hald for å lage side på vegne av biblioteket, vert jo ei kommunal side med kommunale reglar...
Facebook har forresten laga til sider for alle kommunar, var innom Lærdal kommune tidlegare, dei har to sider - den eine må vere laga av nokon annan enn kommunen... hm,då har kommunen eit problem... det er vel berre ein til kvar...
Greitt med private sider, der har eg min og mine venner. Også har eg dei som eg føl som er bedrifter, når det gjeld grupper så er "venner av popquiz" det første eg kjem på. Anbefalar å høyre på P1 kvar laurdag kl 11.08 - knallstart på dagen med musikk og quiz!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar