tirsdag 19. oktober 2010

Nettsamfunn

Vel, eg har facebook, eller fjesbok som det og vert kalla.
Kan ikkje sei at eg er så veldig aktiv, men i løpet av kort tid dobla eg tal på venner, så då hadde eg brått komme opp i 18 stykker... Skal skjerpe meg, men eg er litt der at er eg ikkje interessert i deg så legg eg deg ikkje til berre for å snoke i kva du driv med om dagane...

Facebook sida mi er veldig privat, det tok ei heil stund før eg kom så langt at eg la til at eg var i eit forhold og då fekk eg ein del kommentarar og gratulasjonar på den - har tross alt vore med same mann i over tjue år så det var ikkje den heilt store bomba.

Det er faktisk ein av dei tinga som irriterar meg at alt eg gjere kjem ut som oppdateringar - må sjekke opp om det går an å få vekk slike tulleting på tavla mi.

Når det gjeld privatliv så har me vel ikkje så mykje å frykte, i morgon kjem skattelistene ut på nettet så då er vel alt offentleg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar