Då har eg vore innom dei sidene som sto i oppgåva, prøvde å legg til RSS på nokon sider så får eg sjå om dei svarar til forventningane... var spent på "sjokolade" søket, men vil ikkje påstå at det hadde så veldig høgt resultat. Obama derimot hadde ganske bra treff, fleire enn Jesus og Snåsamannen... fredsprisen derimot var det skuffande lite om... hm - her var det jammen masse rart ein kunne få treff på...
Og der hadde eg brått vorte med på bokelskere.no... ja, ja får sjå kva tid eg har til å legge inn noko der. Brukar sida alt til å finne forslag til bøker eg kan anbefale lånarane. Kjekt med alt som er inndelt i kategoriar.
Søkte opp fortunaice på bokelsker.no og byrja å følgje ho. Spent på kva ho kjem til å lese framover...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar