Då var eg kommen så langt, med litt hopp og sprett...
Føler meg ikkje utlærd men meir opplyst, og mykje meir bevisst på kva web 2.0 er.
Det har vore kjekt på kurs, men også veldig intensivt og hektiske sidan eg ikkje er strukturert nok i kvardagen til å gjere litt og litt men prøver å ta skippertak innimellom. Er veldig glad for at kursbloggen skal ligge på nett framover for eg må ha eit "oppslagsverk" og ein repitisjon av tema.
Ser at det biblioteket bør gjere fyrst er å komme på facebook også får me vurdere det andre etterpå. Trur og eg må drive reklame for origo slik at me kan få annonsert det me driv med. Også Wikipedia, der må me legge inn info om oss sjølve... også også.......... er det snakk om å begrense seg? Hm trur nok at me må sette oss ned på jobb og tenke ut kva me vil også bestemme kva verkty me skal nytte for å komme i mål. Bør vel og ha informasjonsmøte for dei andre slik at dei og får ein viss peling på kva eg har drive med siste tida.
Nokon favoritt? Tja, Wikipedia har alltid vore kjekk, YouTube er underhaldande, facebook kan vere brukande men der er det stor skilnad på kva ein vil ha med som bibliotek og privatperson... Twitter gjev meg åndenød - kanskje eg ikkje treng å vere der heiletida men kvitre litt av og til... ikkje det som vert høgaste prioritert. Origo er nyttig for biblioteket - må lære meg til å tenke at eg er eit bibliotek og ikkje ein privatperson når eg lære om nye verkty...
Repitisjonsoppgåver og ein samling for å sjå korleis me har hatt det ville vore kjekt. Men me har mange verkty for å halde kontakten framover...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar