tirsdag 9. november 2010

Podcast

I heimen har Spotify vore brukt over lang tid. Godt utstyrt i godstolen med øyreklokker og pc er det til tider ikkje lett å få kontakt med den betre halvdel... Likte godt å laste ned popquiz programma eg ikkje fekk med meg - då var det konkurranse i heimen på laurdagskveldane, men nrk har slutta å legge ut musikken til programma. Synd men det var visst noko med rettigheiter og avgifter.

Når det gjeld bruk i bibliotek så har me ikkje noko sjølvlaga. Ser at det tilbodet Stavanger har lagt ut virkar proft og krev vel ein del teknisk kunnskap, trur det er noko ein må ta på sikt skal ein få gjort det ordentleg - men kanskje ein kan dele det dei alt har gjort om aktuelle tema og forfattarar... Sida til Toten var litt "kjedeleg", skulle ønska dei kunne fått inn bilete av bøkene det vart lese frå slik Oppland og Sandefjord har - dei likte eg utsjånaden til -  har mista lyden på pcen på jobb så eg får forske heime.

Hadde fått med meg at Kulturnett S&Fj har lydfil for Lærdalsøyri, har sett turistar vandre rundt der med øyreklokker :-) Kjekt det når ein er på ein ny stad å få med seg fakta om serverdigheitene. Kanskje eg skal lage ein guida tur i biblioteket vårt og! ... og til venstre kan du finne bøker om jakt, fiske og friluftsliv....

Får til tider litt åndenød når eg byrjar å få oversikt over alle tilboda som finns og kva andre og ofte store bibliotek har fått til...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar